Menu

Atlasfjella med Jarle Traa

Atlasfjella med Jarle Traa

Bli med å gå vår populære fottur i Atlasfjella. Den ultimate blandinga av eksotisk fjellferie og fascinerande kulturopplevelse. Den utrulege gjestmildheita, dei dramatiske alpine fjella, den spesielle stemninga oppe i dei smale fjelldalane og i tillegg den eksotiske byen Marrakech som berre må opplevast. Og som avslutning får du nokre dagar i den pittoreske fiskarlandsbyen Essaouira, som også har ei tre kilometer lang sandstrand av beste kvalitet. Når du får alt dette på ein to vekers ferie så er det vel ingen grunn til å vente med å melde seg på!

Lagerstatus: På lager

kr 22 900,00

Merk at forespørselen ikke er en bekreftelse på bestilling. Du vil bli kontaktet og få bekreftet din bestilling snarest mulig.

Mer informasjon

Mer informasjon

"EKSOTISK FJELLTUR PÅ GRENSA TIL SAHARA
Me skal i løpet av ein 7 dagars trekking-tur sjå det flottaste av natur som Atlasfjella har å by på, og som avslutning bestiger me Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal (4167m). Me har med oss guide, kokk og muldyr som bærer det meste av bagasjen vår. Du bærer kun dagstursekk sjølv.

Før me drar opp i Atlasfjella, så skal me ta Marrakech nærmare i augesyn, kanskje ein av dei mest spesielle og fascinerande byane i verda. Me bur på eit hotell heilt inntil Djeema el Fna, Marokkos mest kjente souk, dvs. markedsplass. Om kvelden gjer slangetemmarar, akrobatar og eventyrfortellarar Djeema el Fna til ein magisk plass.

Etter mange dagar i Atlasfjella og kulturelle opplevelsar som du aldri kjem til å gløyme, fortjener du å slappa skikkeleg av på stranda i Essaouria på vestkysten. Les meir om Essaouira lenger nede på denne sida.
PRISEN INKLUDERER
- Fly tur/retur frå Norge til Marokko
- All transport i Marokko
- All overnatting på hotell og i lodger i delt dobbeltrom
- 7 dagars fottur med lokal guide, kokk og muldyr
- Alle måltider på fjellet
- Norsk turledar med høgde-erfaring og medisinsk kompetanse (blir ikkje med til Essaouira)

PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tips til lokal guide, kokk og muldyr-drivere
- Lunsjar og middagar på hotellet i Marrakech, Imlil og Essaouira
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom"