Menu

Elbrus med Jarle Traa

Elbrus med Jarle Traa

Elbrus er Europas høgaste fjell. Bli med på ekspedisjon til fjellkjeden Kaukasus i Russland. Fjellet er ein utdødd vulkan og Kaukasusfjella vert ofte omtalt som den flottaste fjellkjeda i verda utanom Himalaya. På denne turen får du også oppleva dei store turistattraksjonane i Moskva.

Lagerstatus: På lager

kr 26 900,00

Merk at forespørselen ikke er en bekreftelse på bestilling. Du vil bli kontaktet og få bekreftet din bestilling snarest mulig.

Mer informasjon

Mer informasjon

PRISEN INKLUDERER
- Fly tur/retur frå Gardermoen eller Flesland via Moskva til Mineralnyje Vody
- All transport i Russland
- Alle overnattingar på hotell og i fjellhytter
- Alle måltider i Cheget og på fjellhyttene
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Norsk turledar og lokale guidar
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tilslutningsfly frå og til andre flyplassar enn Gardermoen og Flesland
- Visum-kostnader
- Tips til lokale guidar
- Lunsjar og middagar i Moskva
- Drikkevarer
- Evt. Enkeltrom

TRANSPORT
Me flyr sannsynlegvis via Riga og Moskva til Mineralnye Vody. Privat buss til Cheget (ca. 4 timer). NB! Dersom du velger å fly frå andre flyplassar enn Gardermoen og Flesland blir det ei tilslutningsavgift for flybilletten.
OVERNATTING
Hotell i Moskva. Hotell og fjellhytter i Cheget før og etter toppstøtet. På toppstøtet overnattar me på den legendariske fjellhytta Diesel Hut på ca. 4000 meter. Ikkje forvent høg standard på denne hytta...

FYSISK FORUTSETNING
Elbrus er eit stort fjell. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Det kan også bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 10-15 minusgrader. Gode og varme sko er viktig.

DETALJERT PROGRAM

Dag 1:
Me flyr frå Norge til Moskva, der me tar inn på hotell. Me landar seint så me tar middagen på hotellet. Om kvelden blir det eit kort informasjonsmøte der me går gjennom ein del informasjon om turen. Kanskje blir det tid til ein tur inn til senrum med Metroen.
Dag 2:
Me må sjølvsagt sjå dei mest kjente turistattraksjonane når me først er i Moskva, f.eks. Kreml og Den Røde Plass. Om kvelden flyr me vidare til Mineralnye Vody der ein buss står og ventar og køyrer oss vidare til Cheget.
Dag 3:
Me går sannsynlegvis opp på Mount Terskol, der me har ei fantastisk flott utsikt mot Elbrus. Me brukar kanskje heis opp eit stykke, og me vil sannsynlegvis komma opp på ca. 3400 meter denne første dagen.
Dag 4 og 5:
Me flyttar opp til ei koseleg fjellhytte på 3000 meter med ei fantastisk utsikt. Den lokale guiden er lommekjent i fjella her og vil velga ut fjellturar som gir oss flotte naturopplevingar, spektakulær utsikt og ikkje minst den rette progresjonen i akklimatiseringa fram mot topptstøtet. Me øver også på å bruke stegjern og isøks.
Dag 6:
Me flytter opp til Diesel Hut som ligg på rundt 4000 meter. Me brukar heis-systemet og evt. beltebilar for å komme opp dit, så me ikkje treng å slita tunge ryggsekkar oppover fjellet.
Dag 7:
Akklimatiseringstur opp til Pastukhov Rocks (ca. 4800m). Me tar det roleg, i dag skal me først og fremst akklimatisere, ikkje slite oss ut. Frå Pastukhov Rocks er det ei fantastisk utsikt utover resten av Kaukasus-fjella.
Dag 8:
Me slappar av og forbereder toppstøtet.
Dag 9:
Me startar toppstøtet grytidleg på morgonen med å ta beltebil opp til Pastukhov Rocks. Me går sakte men sikkert høgare og høgare. Dersom det er skare, så sikrar me over eit lite parti mot toppen der det er brattast. Etter kvart kjem sola opp og dersom været er bra vert det etterkvart fin temperatur. Til slutt står me forhåpentlegvis alle 5642 meter over havet.
Dag 10 og 11:
Reservedagar dersom dårleg vær. Dersom me gjennomfører toppstøtet vårt første dagen, vil me nytta reservedagane enten til å slappa av etter toppstøtet eller til å gå andre fjellturar i området. Og så skal me sjølvsagt feira at me har stått på Europas høgaste fjell!
Dag 12:
Me flyr tilbake til Norge via Moskva.
NB! Programmet kan variere litt frå gong til gong. Blant anna kan Moskva-oppholdet leggast til slutten av turen.