Menu

Everest BC / Island Peak med Jarle Traa

Everest BC / Island Peak med Jarle Traa

Alle som er interessert i høge fjell og flott natur bør ein gong i livet gå turen inn Khumbudalen til Everest Base Camp og Kala Pattar. Oppleva den spesielle følelsen av å stå ved foten av det høgaste av dei alle: Mount Everest, Chomolongma, Sagarmatha... Verdas høgaste fjell er ikkje berre ein 8000 metring, det er nesten ein 9000 metring! Island Peak, eller Imja Tse som fjellet eigentleg heiter, strekker seg heile 6189 meter mot himmelen og er ein ekspedisjon i seg sjølv. Men når ein står på toppen av dette fjellet, som ville vore ein gigant alle andre stader i verda, og kikkar inn i sørveggen av Lhotse som reiser seg over 2000 meter over deg - då forstår ein verkeleg kva Himalaya dreiar seg om...

Lagerstatus: På lager

kr 35 900,00

Merk at forespørselen ikke er en bekreftelse på bestilling. Du vil bli kontaktet og få bekreftet din bestilling snarest mulig.

Mer informasjon

Mer informasjon

Men å gå Khumbudalen frå Lukla til Everest Base Camp er mykje meir enn høge fjell. Khumbudalen er Sherpaene sin dal. Her er all transport basert på bærarar, oksar og yak-oksar, her er ingen vegar eller motorisert ferdsel. Sherpaene er eit svært vennleg og imøtekommande folkeslag, og dei er kjent for sitt gode humør og smittande latter.
Dersom du ikkje vil vera med opp på sjølve Island Peak, så organiserer me eit alternativt program dei to dagane dette tar. Dette er altså like mykje ein tur for deg som kun ønsker å gå vandreturen inn Khumbudalen til Everest Base Camp
PRISEN INKLUDERER
- Fly tur/retur frå Norge til Kathmandu
- All transport i Nepal
- Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
- All overnatting på tehus (lodgar), nokre få i telt (på Island Peak)
- 18 dagers fottur med lokale guidar og bærarar (tar 15 kilo for kvar deltakar)
- Alle måltider på fotturen
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Medisinsk oksygen
- Sightseeing i Kathmandu
- Norsk turledar
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 130 dollar)
- Visum til Nepal: Ca. 40 dollar (ordnast på flyplassen)
- Medisinsk evakuering med helikopter (reiseforsikring)
- Lunsjar og middagar i Kathmandu
- Evt. drikkevarer til middagar og lunsjar i Khumbudalen
- Evt. enkeltrom
NB! Du får det drikkevatnet du treng av kokkane undervegs, men dersom du heller vil kjøpe drikkevatn på flasker kan du gjera heile vegen.

VERDAS FLOTTASTE UTSIKT
Dei små isolerte landsbyane som heng i fjellsidene, Yak-oksane, gjestfriheita til Sherpa-folket - alt er med på å gjera denne turen til noko du aldri vil gløyma. I tillegg kan du bestiga Island Peak på heile 6189 meter som står mellom dei verkelege gigantane i dette området. Me skal også bestiga Kala Pattar, ein liten topp bak Everest Base Camp, men frå toppen har du det som blir kalla "verdas flottaste utsikt". Everest Base Camp er også ein spesiell stad å besøke, når ein tenker på all historien som er knytta til plassen. Minnesmerka over dei mange klatrarane som har omkomme på dette fjellet gjer inntrykk.

TRANSPORT
Fly frå Norge til Kathmandu. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim) eller Sola (Stavanger) kan det bli eit lite tillegg for tilslutningsfly. Innanriksfly flyr oss frå Kathmandu til Lukla i Khumbudalen.
OVERNATTING
I Kathmandu bur me på eit bra hotell. På fotturen i Khumbu-dalen bur me på enkle tehus (lodger). Dei som skal på Island Peak må bu to netter i telt i Base Camp. Lodgane i Khumbu-dalen er stort sett enkle, men mange av dei er koselege. Soveromma er ofte dårleg isolert så ein varm sovepose er obligatorisk også på lodgane. Det er enkle dusjmogelegheiter på nokon av lodgane. Også toalettforholda kan vera svært enkle, spesielt lengst inne i dalen. Dei fleste stadene er det to personar på kvart rom, men det kan også skje at det blir tre eller fire.

FYSISK FORUTSETNING
Dette ein lang tur der du skal vera i høgden over lang tid. Me tar oss god tid slik at me akklimatiserer på optimal måte, dermed unngår me forhåpentlegvis ubehag når me kjem heilt inn til foten av Everest. Men fleire av dagsetappane er lange. Du må klare å gå lange dagsetappar i fleire dagar etter kvarandre. Bærarar tar mesteparten av bagasjen din (15 kg.) så du bærer kun dagstursekk sjølv.
Dei som vil prøva seg på Island Peak, gjer det etter at me har vore inn til Everest Base Camp. Dermed er me i teorien godt akklimatisert. Island Peak er ein bratt og skarp topp der du ikkje må lida av utprega høgdeskrekk. Det er fleire bratte og utsatte parti også på veg oppover mot toppen. Men me har med dyktige sherpaer som hjelper til med å sikre undervegs.
NB! Denne turen kan du vera med på også om du ikkje vil opp på Island Peak. Me deler gruppa i to nokre få dager, når dei som skal på Island Peak går heilt inn til Base Camp. For å bestige Island Peak må du ha stegjern, isøks, klatresele og jumar (tauklemme). Det er ein bratt snøbakke opp til toppryggen, og denne er eksponert, dvs. at den er skarp!

TUREN DAG FOR DAG

NB! Antall timar oppgitt gangtid kvar dag er kun eit estimat.
Dag 1:
Me flyr frå Norge.
Dag 2:
Me landar i Kathmandu og blir transportert til hotellet vårt. Resten av dagen kan du enten slappa av eller du kan gå ut og oppleva den veldig spesielle atmosfæren i Thamel, den mest fargerike bydelen i Kathmandu. Det er umogeleg å kjeda seg i denne byen. Du kan handle souvernirar i ein av dei mange små butikkane eller du kan berre sitta på ein av dei små restaurantane og sjå på livet nedanfor. Men vær oppmerksom når du går i gatene... sykkeldrosjene som kjem susande i full fart nedover dei trange gatene har som regel dårlige bremsar.

Dag 3:
Kathmandu (1530m) - Lukla (2800m) - Phakding (2600m)
I dag får du sannsynligvis oppleva den mest spektakulære flyturen i ditt liv. Viss det ikkje er skyer så ser me Mt. Everest, Cho Oyu, Lhotse og hundrevis av andre fjell i Himalaya. Landinga på flyplassen i Lukla (2800m) er spesiell, den ligg på ei hylle i fjellet og er faktisk ca. 10 grader bratt. I Lukla møter me sirdaren vår (sjefsguiden), kokken og bærarane våre, som kjem til å gjera sitt ytterste for at me skal få ein behageleg og fin tur innover Khumbu-dalen. Etter å ha ete lunsj og snust litt på stemningen i den spesielle landsbyen startar me turen innover Khumbu-dalen med å gå til Phakding der me overnattar.
Gangtid: 4 timar
Merk: Flyregulariteten på strekninga Kathmandu - Lukla er heilt avhengig av været. Derfor satsar me på å fly opp til Lukla alt andre dagen me er i Kathmandu. Dersom det ikkje er vær til å fly i, flyttar me ein av sightseeing-dagane som i følge programmet skal vera etter fotturen, til før.

Dag 4:
Phakding (2600m) - Namche Bazaar (3400m)
Dette er dei store hengebruers dag, og sjølv om me er heilt i begynnelsen på vår lange vandring innover Khumbu-dalen, så ser me likevel fantastisk flotte og ville fjell på begge sider av dalen. Når me kjem til Monjo så går me inn i sjølve nasjonalparken, Sagarmatha National Park. Den siste hengebrua over elva Dudh Kosi, ledar oss rett inn i den siste lange motbakken opp til Namche Bazaar, "hovedstaden" i Khumbu-dalen. Namche Bazaar er ein svært spesiell liten landsby der husa ligg i ein amfi-lignande dal på terassar over kvarandre. Dette har i alle år vore ein marknadsplass der handelsfolk frå Tibet og Nepal møtes for å selge og kjøpe varer. I Namche Bazaar er det også ein del små butikkar, dersom du har behov for å supplera litt utstyr eller bekledning.
Gangtid: 7 timar
Dag 5:
Kvile- og akklimatiseringsdag i Namche Bazaar (3400m). Me lar kroppen venna seg til den tynne lufta før me går vidare innover Khumbu-dalen. Men me går sannsynlegvis ein liten tur i dag også. For eksempel opp til Everest View Hotel, der me sannsylegvis får sjå Everest for første gong. Me ser også Ama Dablam, Lhotse, Nuptse og mange andre av dei aller største og flottaste fjella i verda. Her kjem det garantert til å bli tatt mange bilete. Kanskje går me heilt opp til Khumjung, den vesle landsbyen som Tenzing Norgay kom frå. Han var sammen med Edmund Hillary det første mennesket på toppen av Everest i 1953. Når me kjem ned igjen til Namche Bazaar kan det kanskje frista å stikka innom den lokale bakaren, han er berømt for sine fristelsar. Her er det også Internett for dei som vil senda ei helsing heim.

Dag 6:
Namche Bazaar (3400m) - Dewoche (3700m)
Me går vidare innover på vestsida av dalen, men etterkvart går stien nedover mot elva og krysser denne like under den lange motbakken opp til klosteret i Tengboche. Dette klosteret er berømt for den fantastiske beliggenheita og utsikta, og mange kjente fjellklatrarar har vore innom her for å få velsigninga som trengs før ein begir seg i kast med dei store fjella i området. Me stikk innom klosteret og får oppleva den spesielle semonien som munkane utfører mange gonger for dagen. Me går vidare ned til Dewoche der me overnattar.
Gangtid: 8 timar
Dag 7:
Dewoche (3700m) - Dingboche (4400m)
I dag har me flott utsikt mot Everest. Me forlater etterkvart skogen og det vert mindre og mindre vegetasjon innover mot Dingboche, der me skal overnatte. Dette er den øverste permanente busettinga i Khumbu-dalen, og ein av dei høgaste i verda. Me er nå der som dalen deler seg. Går me til venstre kjem me til Everest Base Camp, går me til høgre kjem me til Island Peak. Frå Dingboche kan me sjå Island Peak innerst i dalen. Me skal altså inn begge dalane... men Everest Base Camp først.
Gangtid: 6 timar

Dag 8:
Kvile- og akklimatiseringsdag i Dingboche.
Dag 9:
Dingboche (4400m) - Lobuche (4900m )
I dag forlater me vegetasjonen totalt, og Everest kjem nærmare og nærmare. Me passerer Chukpilhara, som er mest kjent for alle minnesmerka over Sherpaene som har mista livet på Everest. Det er også minnesmerke over fleire vestlige klatrarar, blant anna fleire av dei som mista livet under dei dramatiske dagane i mai 1996.
Gangtid: 6 timar

Dag 10:
Lobuche (4900m ) - Everest base Camp - Gorak Shep (5150m)
Me følger Khumbu-breen heilt inn til Gorak Shep. Her ligg dei øverste lodgane i Khumbu-dalen. Etter å ha installert oss på den enkle lodgen me skal overnatte på, går me vidare inn til Everest Base Camp ved foten av det aller høgaste fjellet i verda. Khumbu-breen fløymer ned mot leiren, og synet og atmosfæren gjer eit voldsomt inntrykk. Dette er den mest berømte staden i heile Himalaya. Det var frå Everest Base Camp Edmund Hillary og Tenzing Norgay starta bestigningen som leda dei heilt til topps i 1953. Det var også her Arne Næss og gjengen hans hadde leir då dei vart dei første nordmennene på toppen. Det er sannsynlegvis ikkje klatre-ekspedisjonar her på denne årstida, så det er ein rolegare plass no enn i april/mai.
Gangtid: 7 timar
Dag 11:
Gorak Shep (5150m) - Kala Pattar - Lobuche (4900m )
Me står tidleg opp for å gjennomføra vårt eige vesle toppstøt i skyggen av Everest. Me skal opp på Kala Pattar, eit stort fjell dersom det hadde stått alle andre stader i verda, men berre ein liten "haug" her klemt inne mellom dei enorme fjella. Me får det som mange kallar "verdas flottaste utsikt" frå toppen: Everest Base Camp med det berykta Khumbu-brefallet og Everest som tronar i bakgrunnen. Me tar bilder og nyter det å vera på ein så spesiell plass før me vandrar ned igjen til Gorak Shep, der me et lunsj. Så går me vidare nedover dalen til Lobuche.
Gangtid: 7 timar

Dag 12:
Lobuche (4900m ) - Dingboche (4400m) - Chukung (4700m)
Me har nok ein fantastisk flott etappe framfor oss, me blir etter kvart bortskjemt på flotte fjellmotiv. Først ned igjen dalen til Dingbouche samme vegen som me kom, før me svingar nordover dalen som ledar opp mot Island Peak. Me kjem forholdsvis tidleg fram til leiren, slik at me kan kvile og slappe av, no nærmar det seg toppstøtet...
Gangtid: 7 timar
Dag 13:
Kvile- og forberedelsesdag i Chukung.

Dag 14:
Chukung (4700m) - Island Peak Base Camp (5050m)
Dei som skal prøva seg på Island Peak går opp til Base Camp. Dei som ikkje vil prøva seg mot toppen, tilbringer dagen med å slappe av i Chukung, eller dei kan gå ein tur i nærområdet sammen med ein av guidane. Me legger oss tidleg for å gjera oss klar for nattas toppstøt.
Gangtid: 3 timar
Dag 15:
Toppstøt Island Peak (6189m)
Me startar om natta, lenge før sola kastar dei første strålene på dei gigantiske fjella rundt oss. Me bruker hodelyktene oppover mot breen. I det me når brekanten (5800m) er det sannsynlegvis blitt lyst. Me fortsetter i tau og med stegjern oppover breen. Den siste bratte bakken opp på topp-eggen benyttar me faste tau. Toppeggen er spektakulær og du får verkeleg følelsen av å ha besteget eit stort fjell! Me bruker kanskje 7 timer opp, og 3-4 timer ned igjen. Mektig slitne, men også mektig fornøyde traskar me inn i Base Camp, og kokken ordnar heilt sikker med noko ekstra godt for å feire bestigninga.

Dag 16:
Reservedag Island Peak. Været kan ingen styre, og det er greit å ha ein ekstra dag dersom me ikkje kan prøve oss mot toppen den første dagen.
Dag 17:
Island Peak Base Camp (5050m) - Pangboche (4000m)
Lang etappe nedover dalen, både fordi me er svært godt akklimatisert på dette tidspunktet, men også fordi sivilisasjonen lokkar...
Gangtid: 8 timar

Dag 18:
Pangboche (4000m) - Namche Bazaar (3400m)
Når me kjem til Namche Bazaar, føles plassen mykje større enn den gjorde på veg innover. Me har blitt vant med dei små landsbyane langt inne i Khumbudalen som berre består av nokre få hus og lodgar.
Gangtid: 7 timar
Dag 19:
Namche Bazaar (3400m) - Lukla (2800m)
Me er no heilt nesten heilt nede i "tjukklufta" igjen, så den siste etappen fram til Lukla går forholdsvis lett.
Gangtid: 8 timar

Dag 20
Fly: Lukla - Kathmandu
Me satsar på å komma oss med eit fly tidleg om morgonen, slik at me kan nyta ettermiddagen i Kathmandu og ikkje minst forbereda oss til feiringa om kvelden...
Dag 21
Sightseeing i Kathmandu er noko anna enn i dei fleste andre byar. Likbrenning og apekattar i kloster er ikkje akkurat daglegdagse opplevelsar for dei fleste av oss. Me besøker Pashupatinath, der Nepalesarane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Me besøker også Swayambunath Stupa, også kalla Monkey Temple. Inntrykka du får denne dagen kjem til å vare lenge.

Dag 22
Me får tid til å gjera dei siste innkjøpa, eller me kan slappa av på hotellet. Om ettermiddagen drar me til flyplassen. I det flyet tar av får me kanskje eit siste glimt av Nepals mange 8000-metringar: Everest, Cho Oyu, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Dhaulagiri, Annapurna og Manaslu. Rart å tenka på at først i det me nærmar oss marsjhøgde, er me høgare enn dei høgaste fjella i Himalaya...
Dag 23
Heime igjen i gamlelandet, fulle av inntrykk av flotte naturopplevelsar, eksotisk kultur og ikkje minst minner om eit fantastisk og hyggeleg folkeslag.