Menu

Aconcagua med Jarle Traa

Aconcagua med Jarle Traa

Dette blir ein skikkeleg ekspedisjon i ordets rette forstand. Sjølv om det ikkje er klatring for å nå toppen av Aconcagua, blir det likevel ein seriøs fysisk utfordring. Me gjennomfører denne ekspedisjonen på samme måte som ekspedisjonar til dei store 8000-metringane i Himalaya. Aconcagua er nesten 7000 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.

Lagerstatus: På lager

kr 45 900,00

Merk at forespørselen ikke er en bekreftelse på bestilling. Du vil bli kontaktet og få bekreftet din bestilling snarest mulig.

Mer informasjon

Mer informasjon

Me traverserer fjellet på denne ekspedisjonen. Me går inn Vacas-ruta, som er ei fantastisk flott rute, og den gir også ein optimal akklimatisering. Frå Vacasruta ser Aconcagua ut som Himalaya! Etter toppstøtet går me ut Horocones-ruta som er normalruta på Aconcagua.
Me tar med oss kokk og hjelpararar opp til Base Camp slik at me får slappa skikkeleg av mellom slaga høgare oppe på fjellet. Me har også med oss lokale guidar heile tida, og nokre få bærarar som hjelper oss med å etablere leirar. Du kan også leiga din personlege bærar. Bærarane hjelper oss med å bæra telt og fellesutstyr oppover fjellet. Men me må koka vår eigen mat og smelta snø sjølv i dei øverste leirane.
Dette vert tøft fysisk - men til gjengjeld er gleda etter å ha klart det ubeskriveleg...
PRISEN INKLUDERER:
- Fly tur/retur frå Norge via Paris til Buenos Aires eller Santiago
- Fly frå Buenos Aires/Santiago til Mendoza
- Alle overnattingar på hotell i Buenos Aires/Santiago, Mendoza og Las Cuevas (hytte)
- All lokaltransport i Argentina
- Muldyrtransport av utstyr til og frå Base Camp
- Spisetelt og kokk i Base Camp
- Alle måltid på fjellet
- Norsk ekspedisjonsledar
PRISEN INKLUDERER IKKJE:
- Tillatelser og parkavgifter (ca. 727 dollar for "peak-permit")
- Tips til lokale hjelparar/guidar/kokkar (ca. 60 dollar)
- Lunsjar og middagar i Buenos Aires (evt. Santiago) og Mendoza
- Drikkevarer
- Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
- Evt. overnattingar utover 2 netter på hotell etter ekspedisjonen
- Evt. enkeltrom

TRANSPORT
Me flyr til Buenos Aires (evt. Santiago) og deretter vidare til Mendoza. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim) eller Sola (Stavanger), blir det eit lite tillegg for tilslutningsfly. Frå Mendoza blir det privat transport til Las Cuevas og Punta de Vacas. Me brukar muldyr til å transportera utstyr inn til Base Camp mens me sjølv går med lette dagstursekkar. Dette tar tre dagar.

OVERNATTING
I Buenos Aires (evt. Santiago) bur me på eit bra hotell. I Las Cuevas bur me på eit "vandrehjem" av lågare standard (2-6 personar på kvart rom). I Base Camp og høgare oppe på fjellet bur me 2 personar i kvart 3-manns telt (North Face VE25 eller tilsvarande).
MAT
Me har med eigne kokkar som lagar maten vår i Base Camp. Men høgare oppe på fjellet må me laga mat og evt. smelta snø sjølv. Me nyttar ein god del spesiallaga ekspedisjonsmat, pga. enkel tilberedning og låg vekt. Her oppe må ein spara på både drivstoff og arbeidsmengde.

FYSISK FORUTSETNING
Dette vert ein ekspedisjon i ordets rette betydning. Det er heilt klart "ein divisjon opp" i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Du må vera godt trent og ha stor viljestyrke for å nå toppen av Aconcagua.
Det er ein stor fordel om du har erfaring frå andre høge fjell, f.eks. Kilimanjaro. Men dette er ikkje eit absolutt krav. Likar du å setta deg eit mål å trena mot kan dette vera målet som ligg langt der framme. Eg hjelper deg gjerne med treningsråd.
Du bør også ha erfaring med å sove i telt, og vite litt om korleis du skal takle kulde og vind. Det er kun høgt oppe på fjellet at me kan få slike forhold - i Base Camp går me nok ofte i T-skjorte.
NB! Det er også mogeleg å leige sin personlege bærar, evt. at to deltakarar deler på ein bærar. Dette kostar imidlertid ein del på dette fjellet. Ta kontakt for pris.
Sjå filmsnutt frå toppstøtet:
Video (7,2Mb)


TUREN DAG FOR DAG

BC = Base Camp
C1 = Camp 1
C2 = Camp 2
C3 = Camp 3
Dag 1: Fly til Buenos Aires
Dag 2: Fly til Mendoza. Eta verdens beste biff!
Dag 3: Forberedelsar Mendoza.
Dag 4: Buss til Las Cuevas (3200m)
Dag 5: Akklimatiseringstur frå Las Cuevas
Dag 6: Akklimatiseringstur frå Las Cuevas
Dag 7: Gå frå Punta de Vacas til Pampa de Lenas (3000m)
Dag 8: Gå frå Pampa de Lenas til Casa de Piedra (3300m)
Dag 9: Gå til Plaza Argentinas (BC) (4200m)
Dag 10: Kviledag BC
Dag 11: BC - C1 - BC (Etablere Camp 1 på ca. 5000m)
Dag 12: Kviledag BC
Dag 13: BC - C1
Dag 14: Kviledag C1
Dag 15: C1 - C2 - C1 (Etablere Camp 2)
Dag 16: Kviledag C1
Dag 17: C1 - C2
Dag 18: Kviledag C2
Dag 19: C2 - C3 (Etablere Camp 3)
Dag 20: Toppstøt!
Dag 21: Reservedag
Dag 22: C3 – BC (Plaza de Mulas)
Dag 23: BC (Plaza de Mulas) – Punta del Inca - buss til Mendoza
Dag 24: Avreise Mendoza
Dag 25: Ankomst Norge
Denne dagsplanen kan sjølvsagt verta endra pga. værforhold og liknande.


DELTAKARMØTE
Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil etter kvart bli invitert til eit deltakarmøte om lag 2 månader før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.